Fleire yrkesaktive menn
Den utenlandske mannelækjaren. For 125 gode, norske kroner var det einaste han gjorde å lyse meg i auga medan han unnskyldte at han var så nærgåande. Det måtte jo vera ei påkjenning for eit skrøpeleg kvinnfolk som meg. Jadda. Som om ikkje alle menn i Noreg er ti tusen gonger verre. Også ville han sende meg til Stord. Trass i at eg sa at eg budde i den store Byen. Så no må eg til Stord og scanne hovudet mitt på grunn av det udugelege kvinnfolket Anni (trur eg) i resepsjonen så berre byrja å sukke og stønne då eg ringde opp der for å ordne feilen, som eg sjølvsagt ikkje innsåg før etter eg var komen inn døra heime. (Herlighet, om de syns eg var treig før eg slo hovudet...!) Uansett, eg mistenker at Anni hadde ei mannedatamaskin som, som kjend, er umogleg for kvinnfolk å bruke. Dersom dei då har datamaskiner på legekontoret. (Eg syns eg såg ei.) For alle veit vel kva Jane pleier å sei om datamaskiner? PROGRAMERT AV MANNFOLK.
Uansett, mannfolk i arbeid er udugelege. Og no har dei byrja å smitte kvinnfolka òg. Eg har framleis vondt i hovudet.
Uansett, mannfolk i arbeid er udugelege. Og no har dei byrja å smitte kvinnfolka òg. Eg har framleis vondt i hovudet.
0 Comments:
Post a Comment
<< Home