To menn
Det heile byrja på ein dag. Eg hugsar ikkje kva dag det var, en eg vakna av spetakkel på Joker. Det var ein MANN som bora med luftpressbor (eller kva det heiter - det bråka i alle fall fryktelig). Eg likte det ikkje, men bestemte meg for å akseptere det som eit eingongstilfelle og klokka var dessutan nesten ti.
Så kom den andre dagen, og spetakkelet haldt fram. Denne gongen ein time tidlegare enn førre.
Tredje dagen skulle eg på jobb. Eg hadde lagt meg seint av di eg hadde mykje å lære om virveldyr, men hadde sirlig berekna 7 timar søvn til den lange arbeidsdagen. Knapt 5 av dei hadde eg tilegna meg då eg atter ein gong vart riven ut av mitt harmoniske deltabølga tilvære av bulder og brak på Joker. Mannen var på ferde igjen, og den gongen hadde han byrja klokka SJU! Katastrofen var eit faktum. Det er èin ting eg ikkje klarar å sove igjennom, og det er boring. Trass i iherdige forsøk med musikk, øyreproppar og puter på hovudet var det umogleg å sove. Eg leid. Då eg omsider klarte å sovne var det allereie ti minutt sidan vekkerklokka hadde ringt.
Det var den eine Mannen, og prologen til den berømmelege dropen i yoghurtbegeret.
Etter ein altfor lang dag på jobb, skulle eg på fest og kosa meg; eg hadde jo trass alt fri på laurdagen ettersom eg hadde jobba både fredag og laurdag for Frukt- Eirunn i forrige veke. Kult? Nei. Sjukdom herjar ICA-land fekk eg vite, så eg måtte nok jobbe laurdag òg. Greit nok. Det fekk gå.
Men her kjem den andre Mannen inn i bilete. Eg gjekk, som de skjønar, på eit heftig søvnunderskot etter dei tre førre dagane og no hadde eg i tillegg vore ute dagen i forvegen, så eg orka ikkje stå opp tidlegare enn absolutt nødvendig; eg planla med andre ord å ete frokost på veg til jobben. Eg hadde ein yoghurt som eg byrja å ete på veg til bussen, men blei ikkje heilt ferdig, så eg tok no med meg den stakkars vesle yoghurten min inn på bussen, MEN NEI! Den ekle, møllspiste, forpulte knehanen av ein åndsbederva maktsjuk,tilsynelatande penislaus, bussjåfør fekk seg faktisk til å sei til meg med verdas mest nedlatande tone at eg IKKJE FEKK LOV til å ete yoghurt på bussen! Eg fekk heller ikkje lov til å kaste den stakkars halvspiste i bosskorga hans; eg måtte gå ut av bussen igjen og hive den i bosset på busstoppet for så å gå inn igjen på bussen. "Det der kunne du gjort før du kom på bussen."
-NEINEINEINEINEI! EG KUNNE IKKJE DET, TENK!
Naturlegvis godtok eg ikkje dette og tømde yoghurten i hovudet på han medan eg gjorde det klinkande klårt at eg ikkje hadde tenkt å sitte på med nokon bussnazist, og tok heller neste buss til jobb, medan eg fordømte Gaia, menn og alt dei står for.
Greit, så gjorde eg ikkje det. Eg vart teken på senga. Neste gong. Men nok er nok. Menn er så ekle. Frå no av er eg lesbisk.