Mannfolk er Dritt

that means MEN ARE SHIT

Tuesday, November 01, 2005

Om ammehysteriet

Eg går ut frå at alle gode feminister har fått med seg kvinne-artikkelen som Øystein la ut på familiekompaniet. Den inspirerte meg til å komma med min personlige meining om amming.

Melk frå egen mor er det beste for barnet ernærings- og helsemessig, det er opplest og vedtatt, så den delen er grei. Men at amming er nødvendig for at barnet skal bli knytta til mor, stiller eg meg tvilande til.

I vår, då Victoria var heilt liten, passa Øystein ho ein del åleine. Då fekk ho morsmelk på flaske. Det er noko heilt spesielt å gi ein nyfødt baby mat, seier han, og det stemmer. Det ER spesielt, uansett om det er flaske eller bryst. Det hendte faktisk at eg gav ho morsmelk på flaske, fordi det var greiare.

Nærhet til barnet får ein gjennom augekontakt, fysisk kontakt og å prate med babyen. Dette gjelder både far og mor.

No manglar me berre at mennene kan føde også.

9 Comments:

Post a Comment

<< Home