Mannfolk er Dritt

that means MEN ARE SHIT

Saturday, October 08, 2005

Seriøst.

I forbindelse med utgjevinga av boka "Det finnes en egen plass i Helvete for kvinner som ikke hjelper hverandre", skrive av Liza Marklund og Lotta Snickare, stod det i dag ein artikkel i Dagbladet, Magasinet (s. 36-38), som provoserte meg.

Kjernen i denne artikkelen er at vi er blitt lurt til å tru at det er likestilling når dette eigentleg ikkje er tilfellet. Greit nok, dette visste jo dei fleste av oss frå før. Mannen er direktør, kvinna er sekretær. Mannen er lækjar, kvinna er sjukepleiar. Kjønnsrollar og stereotypiar, djupt i kulturen. Ingenting nytt der.

Men. Det som provoserte meg var måten mannsjåvinismen har gjennomsyra samfunnet så til dei grader at sjølv feministane underkastar seg mannen utan at dei veit det sjølv. I Magasinet snakkar Marklund og Snickare om eit "mannsdominert" samfunn som må "infiltrerast" av kvinnene. Kvinner må lære seg å snakke "mannsk" og dei må "lære seg å handtere menn sine hersketeknikkar". Kva er dette for noko tull? Ja, kvinnene ligg om lag 50 år etter menn når det gjeld yrkeslivet, men tyder det at vi berre skal hoppe inn i ein mal som menn har laga?

No er eg korkje feminist eller spesielt godt informert om tilstanden i dagens samfunn, men ein treng ikkje vere spesielt smart for å skjøne at noko er grunnleggjande gale når feministane skriv bøker om korleis ein skal bli meir som menn. Er det dét som er feminisme? Seriøst?

I desse usiviliserte landa med alle flågene, har mannen og kvinna totalt ulike roller i heimen, utan at det er snakk om status, pengar eller andre maktfaktorar. Dei har skjønt det. Vi har to kjønn. To. Menn og kvinner har ulike eigenskapar, utan at eg skal byrje å ramse dei opp, og til tross for kva svenske ekstremfeministar og enkelte konservative kristne meinar, er ikkje det eine betre enn det andre.

Det eg prøver å sei er vel at eg tykkjer likestillinga er i ferd med å gå over styr. Det er ein tåpeleg og provoserande tanke at "likestilling" faktisk tyder at kvinner skal prøve å bli "like gode som menn". Vi treng ikkje den typen likestilling.

Det einaste vi eigentleg treng er at folk blir litt mindre teite.

8 Comments:

  • At 10:26 PM, Blogger Hanna said…

    Wow, mitt fyrste seriøse feministblogginnlegg? Eg merkar det er på tide å få Ketil inn på banen.

     
  • At 5:32 PM, Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said…

    Ja, no er eg klar for å slenga litt mannsskit og sitera alle uforsiktige mannssjåvinistiske lepper.

     
  • At 7:10 PM, Blogger Hanna said…

    flotte greier! eg sendte sånn invitasjonsmail, men da kan henda eg har sendt feil? brukte den mailen eg fant på blogger-profilen din.

     
  • At 2:34 PM, Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said…

    Eg trur du må bruka hotmail-adressa mi: pottomierund@hotmail.com.

     
  • At 3:20 PM, Blogger Ingvild said…

    Dette er eg heilt enig i Hanna! No er det no eingong sånn at kvinner har ein del såkalla "ulemper" i arbeidslivet, eller "barn" som det så populært heiter... Derfor kan me aldri bli "som menn", og desse sjefs-mennene bør gjera alt dei kan for å få kvinner med i arbeidslivet, ikkje berre fordi det er etisk rett, men fordi me har mykje verdifullt å bidra med!

     
  • At 6:44 PM, Blogger Hanna said…

    Men eg syns det er opp til kvinner å få seg sjølv med i arbeidslivet. Drit i mennene liksom, skal dei bestemma? Me treng ikkje leika med dei heile tida, viss du skjønar. Lag di eiga stilling. Kva som helst. Ta kontroll. Det er ikkje mennene som har gjort seg sjølv til sjefar, det er kvinnene som har latt dei bli det.

    (Det same hadde sjølvsagt gjeldt dersom situasjonen var omvendt.)

     
  • At 9:58 AM, Blogger Ingvild said…

    Dette skjønte eg ikkje før eg sjølv fekk barn Hanna, det er ikkje bare til å ta kontroll når ein mister mange år av sitt yrkesaktive liv. Då blir ein lett forbigått. Eg kunne feks gått på master no... men det er det øystein (mannen) som gjer. (for all del, det er mitt eget valg, det veit eg godt)

    Alternativt kan ein jo få seg ein mann som vil gjera mykje i heimen. Eller droppe barn. Eller vente til ein er 35 med å etablera seg.

     
  • At 1:24 PM, Blogger Hanna said…

    Men kan du ikkje studera samtidig som du tar deg av Victoria? Du er jo faktisk så smart at du ikkje treng å gå på alle forelsningane..

    Åh, sukk.. illusjonane mine..

     

Post a Comment

<< Home