Mannfolk er Dritt

that means MEN ARE SHIT

Thursday, October 27, 2005

Dagens fornuftige argumentasjon med meg sjølv og det galne samfunnet om eg får plass til fleire ord i tittelen.

*Kremt*

Kvinner kan ikke slakte

Tull!
Kvinner kan slakte, men ein ekte feminist et ikkje kjøt.
Slakte grønsaker, derimot....

Kan MANNEN det?
Nei, for dei er kjøtetetere, og et ikkje grønsaker.
Alle har sine behov.

Så unnskyld meg, eg må gå og finne mitt indre balsamtre. Eller noko sånt.

dette er ein historie frå i går:

Det kjem ein elgsteik mot meg.

Ingen PLU, ingen pris og ikkje eit sikkert svar frå Martin. Eg ringer til sjefen, det tar tid, neste kunde, ein MANN er demonstrativ og tverr og meiner det tek lang tid, men då eg er ferdig og han har betalt, tek han til tårene og ber om årsaking, for min feil var det ikkje, men som den kvasifeministen eg er, hadde eg ikkje tid til å høyre. Slik kan det gå.

Wednesday, October 26, 2005

Stille før stormen

Det er daudt her, inga tvil.
Men ikkje så daudt som feminsmen.
For kvar har det blitt av kvinnene med kattar under armane og 40 hår?
Dei som nekta å laga mat, og istadenfor berre drakk te åt noko ekkelt pulver?
Dei som var kledd som afrikanere, men som eigentleg ikkje var afrikanere?

Eg trur dei liggjer i ei kiste på loftet, og det er sikkert ein mann som har lagt dei der.
Ein MANN!

Sunday, October 23, 2005

Daudt.

Marie Herigestad skulle vore med på denne bloggen. Då hadde det vorte fart i sakene.

Saturday, October 08, 2005

Seriøst.

I forbindelse med utgjevinga av boka "Det finnes en egen plass i Helvete for kvinner som ikke hjelper hverandre", skrive av Liza Marklund og Lotta Snickare, stod det i dag ein artikkel i Dagbladet, Magasinet (s. 36-38), som provoserte meg.

Kjernen i denne artikkelen er at vi er blitt lurt til å tru at det er likestilling når dette eigentleg ikkje er tilfellet. Greit nok, dette visste jo dei fleste av oss frå før. Mannen er direktør, kvinna er sekretær. Mannen er lækjar, kvinna er sjukepleiar. Kjønnsrollar og stereotypiar, djupt i kulturen. Ingenting nytt der.

Men. Det som provoserte meg var måten mannsjåvinismen har gjennomsyra samfunnet så til dei grader at sjølv feministane underkastar seg mannen utan at dei veit det sjølv. I Magasinet snakkar Marklund og Snickare om eit "mannsdominert" samfunn som må "infiltrerast" av kvinnene. Kvinner må lære seg å snakke "mannsk" og dei må "lære seg å handtere menn sine hersketeknikkar". Kva er dette for noko tull? Ja, kvinnene ligg om lag 50 år etter menn når det gjeld yrkeslivet, men tyder det at vi berre skal hoppe inn i ein mal som menn har laga?

No er eg korkje feminist eller spesielt godt informert om tilstanden i dagens samfunn, men ein treng ikkje vere spesielt smart for å skjøne at noko er grunnleggjande gale når feministane skriv bøker om korleis ein skal bli meir som menn. Er det dét som er feminisme? Seriøst?

I desse usiviliserte landa med alle flågene, har mannen og kvinna totalt ulike roller i heimen, utan at det er snakk om status, pengar eller andre maktfaktorar. Dei har skjønt det. Vi har to kjønn. To. Menn og kvinner har ulike eigenskapar, utan at eg skal byrje å ramse dei opp, og til tross for kva svenske ekstremfeministar og enkelte konservative kristne meinar, er ikkje det eine betre enn det andre.

Det eg prøver å sei er vel at eg tykkjer likestillinga er i ferd med å gå over styr. Det er ein tåpeleg og provoserande tanke at "likestilling" faktisk tyder at kvinner skal prøve å bli "like gode som menn". Vi treng ikkje den typen likestilling.

Det einaste vi eigentleg treng er at folk blir litt mindre teite.

Wednesday, October 05, 2005

Kva er feminisme?

Dette er vel som å banne i kyrkje, men kva er egentlig feminisme? Eg veit oppriktig lite om teorien. Det fins ikkje noko "feministisk matematikk" på mitt fakultet.