Mannfolk er Dritt

that means MEN ARE SHIT

Friday, September 23, 2005

No huske eg ka eg skulle skriva!

Då eg tok "Matematikkens historie" MAT291 i vår, leste eg om Mary Somerville, Englands største kvinnelige matematiker. Det har levd mange talentfulle kvinnelige matematikere gjennom tidene, men få er kjente. Enten har talentene blitt undertrykt av menn, ellers har resultatene deira vorte tilskrive menn.

Mary Somerville var heldig. Ho fekk lov av mannen sin å driva med matematikk, så lenge det ikkje gjekk ut over hus og barn. Så då barna var i seng for kvelden, satt Mary og arbeidde med matematikk på høgt nivå. Ho arbeidde til langt på natt, i dårlig lys, for dette er lenge sidan, før elektrisiteten.

Så bra at likestillingen har komt så langt i dag, tenkte eg då eg las om Mary Somerville. Men - klokka er 21.30 og eg har endelig fått ei ledig stund til matematikken etter å ha mata babyen og tatt oppvasken etter middagen som eg laga til mannen min. Eg må lesa i lyset frå ei svak lampe, for ikkje å vekka babyen.

Wednesday, September 21, 2005

Feministdrøm 2

Eg våkna i morges (halv sju av ein viss baby, skammelig tidlig) med ein fornemmelse av at eg hadde komt på eit heilt genialt innlegg til feministbloggen. Men eg kan ikkje huska ka det var! Eg mistenke at egentlig så var det ikkje genialt, bare teit. Sidan eg sov mens eg kom på det liksom.

Sunday, September 04, 2005

Maskulinering

Mads har skifta på senga, og har som vanleg tatt det eine dynetrekket på på vranga. No veit eg kvifor; han synes det er lite maskulint med blonder på dyna. Han røpte seg då eg konfronterte han med saken og han sa:

Den med blonder på kan vere din.


Mannfolk er så redde for å vere feminine. Og godt er det.

Mannen

Mannen gjorde meg våken midt på natta. Mannen drakk øl. Mannen hadde besøk. Mannen lo. Mannen. Ordet misser si betydning.