Mannfolk er Dritt

that means MEN ARE SHIT

Saturday, May 14, 2005

Infantilt innlegg

Eg veit det er ganske teit med Idol og slikt, men eg syns no det er fryktelig festlig likevel. Eg syns ikkje eigentleg musikkbransjen har noko å tape, då den er fullstendig fucked frå før.

Uansett eg vil berre nemne at det no kun står igjen kvinner i Idolfinalen! Ja. Go feminisme.

Det var berre det eg ville sei. Eg følte det fortente ein plass i bloggen vår.

13 Comments:

  • At 11:21 AM, Blogger Ingvild said…

    Her kjem nokre tankar eg berre tør poste på feministbloggen: De har vel høyrt det er sagt feks "Ho har skjemt han bort" eller "Han slepp ikkje til" for å forklara kvifor Mannen ikkje er til nytte i heimen. Dette vil eg ha meg frabedt! Mannen skal sjølv ha ansvar for å ta ansvar, å læra seg, og å utføra grunnleggande husstell. Han kan sjølvsagt be om hjelp og råd, men kvinnene skal ikkje ha skylda for mannens manglande initiativ!!!!

    P.S. Dette innlegget er skriven på generell basis, og ikkje ut i frå personlige frustrasjoner.

    P.P.S Har eg gjort meg fortjent til å bli medlem av jernfeministene no?

     
  • At 12:29 PM, Blogger Øystein said…

    Forskjellen mellom menn og kvinner mht. husarbeid ligg i akseptnivået. Menn har ofte høgare terskel for når dei ikkje lenger greier rotet, og må rydda. For denne medfødte, høge smertegrensa må menn tåle mykje.

    Elles har det no vore slik at gutar ikkje har vore opplært i huslege sysler. At kvinner då skal forventa at menn er på høgde med deira kunnskapsnivå, er underleg. Ein har fått høyra (av kvinna) det at ein gjer arbeidet så seint og dårlig, at det er betre om kvinna gjer det sjølv, effektivt og godt.

    Eg seier: la menn sleppe til på eigne premisser. Er det å forventa at dei skal vera ekspertar frå dag 1?

    Sidan det skal vera full likestilling, kan eg jo for eiga rekning koma med tilsvarande provoserande utsagn: Kvinner får sjølve ta ansvar for å reinsa badsluk, skrubba badgolvet når kloakken har flaumt over, fanga edderkoppar og veps og sleppa dei ut at, turka opp kattespy, tøma kattedoen, og alle andre verdens drittjobbar. Det er ikkje ei einvegskøyrt gate, dette her.

    Dette er sjølvsagt skrive heilt utan nokon form for referanse til røynda, faktisk skriv eg dette medan eg har ei utanom-kroppen oppleving, eg er heilt utan kontakt med mine eigne forståings-horisontar og befinn meg i ein objektivt astral-lekam.

     
  • At 12:49 PM, Blogger Ingvild said…

    Nåken har misfostått. Eg trudde eg gjorde det ganske klart: Dette handlar ikkje om kven som gjer kva, om drittjobbar osv. Det handlar om at kvinner gjer kvarandre skulda for eventuelle udugelige menn. Det er nedverdigende både for kvinnene som blir råka, og for menn generelt. Eg trur sjølv eg har uttalt noko slikt ein gong; eg tar det tilbake.

    Igjen er dette skrive uten referansar til det verkelige liv.

     
  • At 1:07 PM, Blogger Øystein said…

    Eg registerer at innlegg nummer 2 skil seg nokså mykje frå innlegg nummer 1, mht. diplomatiske vendingar.

    Det kan vel og tenkjast at dette er meiningslaust å diskutere i ein blogg som har som utgangspunkt at mannfolk er dritt, under eit innlegg som har tittelen "Mannfolk er Dritt".

    Eg kan vel eigentleg berre gjenta det eg har sagt: Viss menn skal ha ansvaret for å vera den perfekte tøffelmann og sofamann (som kvinner sjølvsagt ikkje vert tiltrukne av, men det er jo ei anna sak), får kvinner jammen manna seg opp (ikkje tilfeldig ordvalg her) og ta ansvar for å læra seg grunnleggjande drittarbeid.

    Menn bør heller ikkje skuldast for at kvinner er udugelege til drittarbeid.

     
  • At 1:20 PM, Blogger Ingvild said…

    Men det har eg aldri hørt... "Ja, det er mannen sin FEIL at kvinner er dårlig på data"? nei, aldri hørt det. Derimot den klassiske "damer og data" som eg sjølv nyttar flittig.Kvinner får sjølv skylda for sin inkompetanse.

    Eg har mange eksempler, men dette er tross alt den store internetten.

    Hårsår?

     
  • At 3:40 PM, Blogger Jorunn Rage said…

    Oioioi! Det perfekte ekteskapet slår sprekker? (Men dette var sjølvsagt ikkje med referanse til det verkelege liv.)

     
  • At 3:40 PM, Blogger Hanna said…

    Korleis kan dåke skriva så masse utan referansar til det verkelege liv? Kor tar dåke da frå, då?

     
  • At 5:46 PM, Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said…

    Eg har mange argument både mot og for begge sine synspunkt, men er likevel mest einig med Øystein.
    Gjer dette meg til ein mannssjåvinist?

    Eg synes at det er utruleg at det gode, gamle argumentet "du sleppe no iallefall å drassa rundt på ein unge i ni månadar, for å so ligga med enorme smerter på ein framand plass" ikkje har vorte tatt i brukk.

    Mitt synspunkt er at alle kan ikkje gjera alt. Menn kan gjera det kvinnene ikkje vil/tør, mens kvinnnene kan gjera det menn ikkje kan.

     
  • At 5:46 PM, Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said…

    Eg har mange argument både mot og for begge sine synspunkt, men er likevel mest einig med Øystein.
    Gjer dette meg til ein mannssjåvinist?

    Eg synes at det er utruleg at det gode, gamle argumentet "du sleppe no iallefall å drassa rundt på ein unge i ni månadar, for å so ligga med enorme smerter på ein framand plass" ikkje har vorte tatt i bruk.

    Mitt synspunkt er at alle kan ikkje gjera alt. Menn kan gjera det kvinnene ikkje vil/tør, mens kvinnnene kan gjera det menn ikkje kan.

     
  • At 6:13 PM, Blogger Ingvild said…

    Korfor e da ingen som skjønne ka eg meine????

    Detta e ingen "kem e best av mann/dame"-diskusjon

     
  • At 10:54 PM, Blogger Hanna said…

    Så koffor putta du det i feministbloggen?

     
  • At 9:46 PM, Blogger Lotto-Lasse flyr igjen! said…

    Feminister som ser på idol.
    Akkurat som homofile som ser på ein fotballkamp.

     
  • At 8:09 PM, Blogger Hanna said…

    Eg trur det er mange homofile som ser på fotballkamp. I hvert fall når Italia spelar. Og etter oppførselen til dei fleste mannlege fotballspelarar, trur eg det er ein del homofile ute på bana òg.

    Utan at dette er meint som kritikk mot korkje homofile eller fotballspelarar. Sjølv om eg vanlegvis meir enn gjerne kastar stein på andre fotballspelarar i glashuset mitt.

    Øh, ja. Nok no.

     

Post a Comment

<< Home