Mannfolk er Dritt

that means MEN ARE SHIT

Sunday, April 24, 2005

Illusjonen som brast

Eg les i sosialpsykologi-boka mi om kjønnsulikskapar. Det står blant anna at kvinner har 70% meir kroppsfeitt (åh shit), menn har 20 gonger så stor sjanse for å få defekt fargesyn, kvinner er dobbelt så utsett for angst-forstyrrelsar og depresjonar, og blabla - alle dei der standardgreiene - men så kjem det, det eg frykta mest:

"(...) Men also are much more likely to suffer hyperactivity or speech disorders as children, to display antisocial personalities as adults, and to be able to wiggle their ears."

Krise. Då er lite trøst i at kvinner har litt betre luktesans.

Thursday, April 21, 2005

Dagens KvasiFeminist:

Huseigar-Jane (eg går ut i frå alle veit kven ho er, då "alle vett kim Jane e".)

Ho hadde det mest geniale sitatet
Om den store Internetten

Mads ymta frampå om ikkje ho kunne senda oss huskontraktene via elektronisk post
Svaret

(Tar høgd for at det kanskje ikkje er ordrett
Hukommelsen er ikkje det den ein gong var)

Nei, det kom ikkje på tale at ho skulle setja seg ned ved den ekle tidstjuven. Ho ville heller setje seg framfor omnen og skrive for hand. Alt anna enn tidstjuven. Kvifor?

"Fordi alle datamaskiner er programmerte av MENN!"

Noko så upraktisk. Typisk menn.

Dagens KvasiFeminist er altså Jane.

Som premie får ho lov til å tilbringa dagen med å krangla om kvadratmetrar med Steffensen (eg-syns-da-e-så-vanskelig-å-halda-styr-på-gjestene-dåkkas-og-alt-var-betre-før).

Monday, April 18, 2005

Ein post

Det er så mykje kvar dag som fortjenar ein plass i feministbloggen, men eg gløymer det kvar gong. Det er så mykje anna festlig ein kan finne på enn å sitje og vere bitter på mannfolk. Greit, ikkje så mykje som er meir festlig enn dét. Men litt fins jo.

Øyvind-sykkelbud. Det kjem ting for feministbloggen ut nesten kvar gong han opnar kjeften. Han burde egentlig berre få lov å skriva her. Lika greit. Kutte ut mellomleddet.

Tuesday, April 05, 2005

Feministpensum

Mads har fått låna pensumboka "Art Historys History" av meg, men det kapitlet om Feminisme i kunsthistorien hoppa han glatt over, etter nokre lite gjennomtenkte ansiktsutrykk. Typisk mannfolk som kjem til å stryke på feministeksamenen.

Monday, April 04, 2005

Endelig

http://www.bt.no/utenriks/article355332

Friday, April 01, 2005

Mannesitat

Øystein: "Da der va eit skikkelig jentekast."

Pføy! Jentekastar kan han vera sjølv! Eller noko slikt...