Mannfolk er Dritt

that means MEN ARE SHIT

Tuesday, March 29, 2005

Mannfolk

Mads, sitat: "Eg skal fyra om du hogger ved". Som om eg lar meg dirigera av ein sånn derre mann. Ha! Vil han sjå film med meg i stova, får han værsågod sørga for at det er varmt. Han må gjera mannejobben sin.

Eeeh, dette var ikkje særleg feministisk. Egentlig skulle eg sagd ved, fyrt og prompa høgt i stova, men har det noko for seg? Eg synes me heller skal få litt skikk på dei mennene me har i huset. I dag skulle egentlig Mads laga middag til meg, men så måtte han på intervju, og då lagte Kenneth middag til meg. Då Mads kom heim, tilbydde han meg middag. Slik skal det vere! Eg kan fint laga min egen middag, men Mads og Kenneth er så flinke når dei syslar på kjøkkenet.

Wednesday, March 23, 2005

Masete Mannfolk

Mannfolk masar så felt! Mas, mas, mas. Og i alle fall når dei er fulle.

Eg og mi feminist-medsøster Jorunn var så uheldige å treffe på eit knippe mase-menn, type for unge for alkohol, frå snobbete Søråshøgda, der kundane syns det er flaut dersom dei ikkje fyller to handlevogner. Mennene hadde drukke alkohol, ("TI øl - minst! Øøøøh... forresten... tror eg.. vent litt..."), sjølv om dei altså var for unge, og no skulle dei ta bussen til den store byen for å feste vilt på dei hippe uteplassane Ø12 og Exodus.

Dei maste fryktelig om "gængstarar" og Aleksander som er homofil - tenke seg til; han er jo dritgrei! Typisk Mannfolk. Berre skravlar. Typisk!

Tuesday, March 22, 2005

Mennene i ICA-land

I dag måtte eg bruke store delar av min arbeidsdag på å forklare ein MANN om korleis "Swiffer duster" fungerar. Han lurte på om det var lim på dei då eg sa at støvet vart hengande fast i kosten framfor å virvle rundt. Lim? Eh, nei. Me snakkar ekte magi.

Så peika han på ein kjøkenklut og lurte på kva i all verda det var for noko løye.

Tyyyyypisk Mann.

Dagens Mannekommentar:

"Kan dåke vera stille litt??"

NEI, ME KAN IKKJE DA! -Typisk Mann å prøva å knebla oss kvinnfolk til stillhet.

Typisk Mannfolk

Mannfolk har eit turbulent kjensleliv. Typisk mann: "Eg hater deg og køyrer over beinet ditt/eg er så glad i deg/bare dø med deg/eg er eit elendig menneske." Som tatt rett ut av ein mannefilm.

Typisk Mann!

Som dei kvasifeministane eg og Jorunn er, har me laga oss ein blogg. UTAN hjelp frå Mannen. Denne skal me nytta til å få ut våre feministfrustrasjonar og tesiltap.